RUSA PÅ SYKKEL: Ein mann var tiltalt for å ha køyrt motorsykkel da han var rusa (illustrasjonsbilde).
Pixbay
Ein mann køyrte rusa og utan lappen, men hugsar ikkje at han gjorde det
Ein mann var tiltalt for to tjuveri, køyring med rus og utan førarkort. Saka har blitt liggande ei tid hjå politiet og det gav mannen strafferabatt da den kom til retten.
I Skien stal ein porsgrunnsmann lydanlegg, smykke, mat og drikke frå eit hus. I Bø stakk han av med ei handlevogn med varer frå ein matbutikk. Han køyrde også motorsykkel med 1,06 i alkoholpromille og utan førarkort. No har saka hans vore oppe i Telemark tingrett i Skien.