P
– Ein må vera litt framme i skoa
Over tusen brukte datamaskiner, ipadar og mobilar er selt frå Power i Bø og Seljord. Brukt datautstyr er langt meir populært enn det dagleg leiar Olav Tangen forventa.
Det byrja med ein lokal bedrift som for eit par år sidan skulle fornye datamaskinparken. Bedrifta ønskte ikkje å kjøpe nytt utstyr, og Power i Bø tok utfordringa med å leite opp gode, brukte maskiner.