Ei gammal jakthytte blir nå forvandla til skrivestove
I sommar kjøpte fire skribentar frå Bø ei tidlegare jakthytte på Tyri i Nome. Her skal dei kople av og på etter korleis behovet er.
Da moglegheita for å skaffe seg ei skrivestove dukka opp, gjekk dei fire handlekraftige damene Margit Ims, Ailin Aastvedt, Anne Gry Gudmundsdotter og Heidi Stavrum saman og la inn eit bod. I juli vart draumen ein realitet.