KOKING: Tilrår å koke drikkevatnet.
KOKING: Tilrår å koke drikkevatnet.

Drikkevatnet trygt igjen, men kan vere ustabilt

Kommunen melder at drikkevatnet i Breisås er trygt å drikke igjen.Onsdag gjekk det ut melding til innbyggjarane i Midt-Telemark om at ein større vasslekkasje hadde oppstått i Bø. Kommunen har derfor tilrådd dei som bur i øvre deler av Breisås til å koke drikkevatnet.I dag melder teknisk eining at dette ikkje lenger er nødvendig.– Resultat av vassanalysar viser at kvaliteten på drikkevatnet er god og at det ikkje lenger er nødvendig å koke det i øvre deler av Breisås, heiter det frå kommunen.Det blir opplyst om at abonnentane vil kunne oppleve luft i vassrøyra.– For å betre dette kan ein setje på utekrana og la den stå på til vasstrykket er stabilt, melder teknisk eining.

Publisert Sist oppdatert

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS