S
Digitalt nominasjonsmøte i SV laurdag
SV har klart vallista si for Telemark valkrets. Jørn Langeland frå Tinn toppar lista, medan Vigdis Olafsen frå Bø er å finne på tolvte plass.
SV inviterer til digitalt nominasjonsmøte på Facebook komande laurdag. Vestfold og Telemark SV seier at meiningsmålingane gjev SV ein god sjanse til å kapre utjamningsmandatet frå Telemark. SV håpar deira førstekandidat, Jørn Langeland, frå Tinn, blir ny stortingsrepresentant frå Telemark. Ein samsrøystes nominasjonskomité har foreslått Langeland. Laurdag blir det avgjort om nominasjonsmøtet er einig med komiteen.