SENTRAL GARD: Garden har sørgd for mange tomter i Bø sentrum.
Bø Museum, Widerøe
Det er ikkje noko att av dette gardstunet, og garden har sørgd for tomter i sentrum
Grivi ligg rett aust for dagens sentrum i Bø, like ved Bø skule. Den opprinnelege Grivigarden er delt opp fleire gonger. Dei tre gardane me ser på bildet frå slutten av 1950-talet var garden nedre Grivi fram til 1721. Då vart den garden delt i ein austre og ein vestre del. Den austre garden ser vi bakerst i bildet. Den vestre delen vart delt i to att i 1842.