STORE UTFORDRINGAR: Formannskapet fekk måndag signal om storleiken på kutt i årets drift. Det var assisterande kommunedirektør Øystein Tveit, bak i bilete, som la fram ei kuttliste. Fremst i bilete Borgar Kaasa (t.v.) og Steinar Sæland.
Øystein Akselberg
Det blei overskot i fjor, nå må dei spare – her er kuttlista
Midt-Telemark kommune gjekk med stort overskot i 2021, men i år må kommunen svinge sparekniven og skjere ned heile 60 millionar på drifta.
Debatten om budsjett, meirforbruk og innsparingskrav gjekk som ei varm potet i Midt-Telemark kommune gjennom heile 2021. Med nokre sidesprang om «småpengar» og «flisespikkeri» var dei harde fakta signal om eit meirforbruk på nær 15 millionar kroner, trass i at mange sparetiltak var sett i verk, ikkje minst krav om varige kutt i drifta på rundt 40 millionar kroner.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp