K
Desse sju karane spelar konsert i di stove laurdag
Laurdag før påske var det verdspremiere på konsertserien «Gullbring Live». Konsertane du som publikum kan sjå på ein skjerm heime i di eiga stove. Komande laurdag er det gruppa JAASI med sju lokale musikarar som står klar for å gjere laurdagskvelden ein musikkfest av dei sjeldne.
– Me må sjølvsagt ha ein skikkeleg jazzkonsert med i Gullbring Live. Bø Jazzklubb er vertskap for det som etter alle solemerker blir ein glitrande jazzkonsert med lokale musikara, seier leiar i Bø jazzklubb, Kristoffer Mosfjeld.