Der ingen skulle tru at nokon kunne budd
Oppi Vreimsfjellet, på over 500 meters høgde, inst på ei fjellhylle kalla Langeskåret, ligg tuftene av husmannsplassen Ånto. Her, nokre meter frå hustufta, sit eg og nippar kaffi og tygger i meg Freia heilnøtt. I sekken har eg Finn Rønnings nye bok Husmannssoge for Bø band 3 – det er viktig å vera godt budd på tur.
Husmannssoge for Bø band 3