LOKALAVIS-TAL: I fjor kunne dei tilsette juble for opplagsauken i lokalavisa for Midt-Telemark. I år har Bø blad nedgang i opplagstalet F.v. grafikar Dag Einar Hvitsand, salsansvarleg Rune Bøen, marknadskonsulent José Bakker, kontormedarbeidar Synnøve Sudbø Kleppe, journalist Øystein Akselberg, redaktør Hilde Eika Nesje og journalist Gro B. Røiland.
Privat
Denne gjengen kan verkeleg juble nå
Bø blad har prosentvis størst opplagsauke av avisene i fylket. – Me aukar opplaget både på papir og nett. Det viser at me har eit solid fotfeste blant innbyggjarane i Midt-Telemark, seier redaktør Hilde Eika Nesje.
I dag, onsdag, la Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) fram nye opplagstal for avisene, denne gongen for andre halvår i 2020.