KISTE 4: Mann, truleg over 50 år. Lengde 176 cm. Kista er svartmåla. Mannen ligg med strake bein og hendene folda over magen. Han er kledd i ei skjorte og over denne ein likkjortel. På hovudet har mannen ein glatt, blond parykk. Det er Isak Pedersøn Muus som ligg i denne kista. Han var prest i Bø frå 1726 til han døydde i 1753. I ministerialboka står det: 1753. 7. Aug. om Eftermiddagen kl. 5.00 døde Hr. Isak Muus. 14. Aug. blev Sl: Hr. Isak Muu- ses Legeme sadt i Bøe Kirke. Det er, så langt det er mogeleg å kontrollere, einaste gongen det er nemnt at ein person er «sadt» i kyrkja.
Thorleif Sjøvold
Da arkeologane skulle grave ut golvet under kyrkja, fann dei gravstaden til 28 personar
I samband med ei større restaurering og utgraving under golvet i Bø gamle kyrkje i 1985, blei det avdekka i alt 28 kister.