BAKERI: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland bakar brød på bakeri Cudziło i Nisko.
Krzysztof Haliniak
Brødbaking og bedriftsbesøk da midt-telemarkingar besøkte Nisko
Utsendingar frå Midt-Telemark kommune har besøkt samarbeidskommunen Nisko i Polen for andre gong. Tema for turen var entreprenørskap, og målet var å lære av kvarandre.
Delegasjon frå Midt-Telemark med representantar frå kommune, landbrukskontor, Midt-Telemark og Nome Utvikling (MTNU) og KS bestod av ordførar Siri Blichfeldt Dyrland, Per Dehli, Hilde Pedersen, Inger Lysa, Pål Kleffelgård, Tora S. Årnes og Sindre Flø.