F
Brann i Bø natt til tysdag: – Vindstille og mykje regn redda nok hovudhuset
– Det var heldigvis vindstille og mykje regn då brannen braut ut. Det har nok redda hovudhuset vårt, seier Tone Kåsa. Natt til tysdag braut det ut brann i eldhuset på garden hennar i Folkestadguto.
Klokka 02.49 i natt melde politiet på Twitter at naudetatane var på veg til ein brann i Bø. Det var full fyr i eit eldhus som sto nær hovudhuset på ein gard i Folkestadguto.