N
Bokfinken er på plass
Har du høyrt at bokfinken har kome? Dei siste dagane har denne finkefuglen kome til skogane våre i hopetal.
Dei som har teke seg ein tur i skogen denne helga kan ha lagt merke til ein velkjent og kjær fuglelyd. Bokfinken er nemleg tilbake etter å ha overvintra i vestlege Europa. Hannen har ein kraftig og karakteristisk song som er lett å lære både for ung og gamal. Nokon meiner den syng: «fru-fru-fru-fru-Borchrevink». Uansett: den er ein av våre mest vanlege fugleartar.