Bø blad aukar igjen: – Me må jo berre rope hurra
Tysdag blei opplagstala for norske aviser offentleggjort. Dei skapar god stemning i lokalavisa for Midt-Telemark.
Tala som viser stoda i norske mediebedrifter er hyggeleg lesing for tilsette i Bø blad. Lokalavisa for Midt-Telemark har ein oppgang på 140 abonnentar, noko som utgjer fem prosent vekst. Bø blad sitt godkjende opplag hittil i år er dermed 2940.
Med fem prosent auke er Bø blad opplagsvinnar i fylket, målt i prosent. I reine tal er det Vest-Telemark blad som er opplagsvinnar med ein auke på 158 abonnentar. Det utgjer ein auke på 2,8 prosent for lokalavisa i Vest-Telemark.
Lokalavisa Kanalen i Nome er eigd av Bø blad og har ein prosentvis auke på 0,9 prosent.
Glad og stolt
Redaktør Hilde Eika Nesje er glad for og stolt av den gode veksten.
– Dette er me superglade for. Me har jobba beinhardt, både for å lage relevant avis for innbyggjarane i Midt-Telemark og for å få folk over på digitale flater, noko me ser er naudsynt for framtida på grunn av store utfordringar i distribusjon av papiravisa. Me har faktisk klart å doble talet på digitale abonnentar, seier Nesje, som sender ein stor takk til alle abonnentar.
Ho peikar på at det har vore eit år med store omveltingar i Bø blad.
– I 2024 har me modernisert alle tekniske system, både for abonnement, annonser, rekneskap og redaksjonelt. Me har opplevd stort press på redaksjonen med to store flaumar, og me har hatt store endringar i personalet med tre tilsette som har slutta og to nye som har byrja. Det er berre å rope hurra for at me har klart å auke opplaget så pass, seier Eika Nesje.
Nærmar seg 3000
Bø blad nærmar seg nå 3000 abonnentar, men avisa er framleis ei av dei minste i landet. Redaktøren har tru på større vekst.
– Det er framleis potensial og me håper at enda fleire ser at Bø blad er lokalavisa for midt-telemarkingar som vil følgje med på det som skjer i kommunen. Me er den avisa som er nærmast og tettast på innbyggjarane her. Vil du halde deg oppdatert på staden du bur, er det Bø blad du må lesa, seier Eika Nesje.
Bø blad har nå åtte tilsette i til saman 5,75 årsverk. Bedriften samarbeider også tettare med dotterselskapet, lokalavisa Kanalen, med samanslått marknads- og merkantil avdeling.
– Me står framleis støtt som uavhengig avis i ei medieverd der stadig fleire aviser, også lokalaviser, blir med inn i større mediekonsern, seier Eika Nesje.
Andre aviser
Fire av fylkets ti aviser har opplagsauke. Det er Bø blad (140), Kanalen (20), Vest-Telemark Blad (158) og Telen (33). Dei andre seks avisene går tilbake.
Varden har størst tilbakegang, med 1121 abonnentar, Porsgrunns Dagblad har mista 405 abonnentar, Kragerø Blad Vestmar har 182 færre, Rjukan Arbeiderblad mistar 72 abonnentar, Drangedalsposten har 58 færre abonnentar, mens Telemarksavisa har tapt fire abonnentar.