B
Betre avfallssortering på Brenna
Fast langdag på torsdagar, kundekort og open bruktbu er nokre av dei nye tiltaka på Brenna miljøstasjon. IRMAT håpar no på betre sorteringskultur.
Det interkommunale renovasjonsselskapet IRMAT set i verk tiltak for å gjere det enklare og betre for hushaldningane å sortere avfall. Tidlegare i år fekk abonnentane nye behaldarar samtidig som fraksjonen glas- og metallemballasje fekk sin eigen behaldar. Det skjedde frå 1. juli i år.