BRUDEPAR: Nils Flatland som brudgom i grønkufte-bunaden til Jon Evju og Bjørg Bakkane som brud i ein gamal beltestakk med brudekrona til sølvsmed Bestland.
Halvor Teksten
– Bare tradisjon som lever mellom folk er tradisjon
Tradisjon er ikkje museum, og bare tradisjon som lever mellom folk er tradisjon. Nils Flatland og Liv Berit Kaasa er tradisjonsbærarar fordi dei har skjøna å ta vare på dei gamle tradisjonane, ført dei vidare inn i den nye tida og rotfesta dei i eit levande fellesskap.