Avspark for ny klubb: – Her er det mykje god energi
Den nye ungdomsklubben i Midt-Telemark hadde kick-off på Sandvin ungdomshus tysdag kveld. Det blei ein suksess og no gledar dei unge seg til fortsettelsen.
Ein ny ungdomsklubb for alle unge i kommunen på skuletrinna åtte, ni og ti har vore planlagt lenge. Fleire har vore med på forarbeidet og mange var også på plass som medhjelparar og frivillige for drifte ein klubbkveld.