S
AT Skog kjøper endå eit sagbruk
Frå før har AT Skog kjøpt Telemarksbruket i Bø og Eikås Sagbruk i Hægebostad. No har skogeigarlaget kjøpt endå eit sagbruk.
I ei pressemelding opplyser AT Skog at ein frå årsskiftet tek over Hasås AS. Det vart starta som eit tradisjonelt sagbruk i 1957, men dei siste 25 åra har selskapet berre basert seg på høvling. I 2004 starta ein også med overflatebehandling av kledning, panel og listverk. I 2020 var omsetninga på 333 millionar kroner.