GOD IDE: Da oktobermarknaden på Bø torg blei avlyst, fekk Anund Raukleiv ein god ide.
Gro B. Røiland
Anund spreidde godlukt og glede i litervis
Laurdag skulle Anund Raukleiv selt vaflar på oktobermarknaden på Bø torg til inntekt for Flatin og Valen grendelag. I staden blei det vaflar på bebuarar på Bø sjukeheim.
Veret spela ikkje på lag med Sentrumsringen, som laurdag skulle ha den årlege oktobermarknaden på Bø torg. Mange utstillarar var meldt på, blant andre Flatin og Valen grendelag. Med dårlege verutsikter og med det fleire avmeldingar, valde Sentrumsringen å avlyse marknaden fredag kveld.