Anne er den nye driftsleiaren
Ei seljordsjente har på eitt år klatra frå å vere instruktør til å bli driftsleiar i klatreparken på Folkestad. Det trivst ho så godt med at ho har sett studiar på vent.
Anne Råmunddal (25) er frå Seljord. Ho gjekk på Bø vidaregåande skule og har seinare ei bachelorgrad i samfunnsernæring. Ho starta også opp på fysioterapi, men har inntil vidare sett utdanninga på pause.