STOLT HUSEIGAR: Andrea Hvitås syner stolt fram bustaden ho og sambuaren har kjøpt. Med to etasjar, stove, kjøken og fire soverom har dei stor plass. Også tomta er romsleg.
Unni Buverud
Andrea (19) går mot straumen – blei huseigar langt unna sentrum
Mens mange unge søkjer seg til sentrumsnære område når dei skal kjøpe seg bustad, har Andrea Hvitås frå Bø valt Roheimheia. – Her føler eg meg heime, seier ho.
Omlag to månader er gått sidan Andrea og kjærasten Morten Johannessen flytta inn i bustaden i enden av Egenevegen på Roheimheia. Før den tid leigde dei bustad i Bø, men dei ønskte å kjøpe eigen bustad, og då falt valet på grisgrendte Roheimheia.