Sigbjørn Hjelmbrekke.
Sigbjørn Hjelmbrekke.

– Å la Bøsenteret få Vinmonopolet er ikkje næringspolitikk, men fråvere av næringspolitikk

Publisert Sist oppdatert

Måndag vedtok formannskapet i Midt-Telemark at Vinmonopolet bør får lov til å flytta til Bøsenteret. Per Atle Einan frå SV var den einaste som røysta mot. Dette utfallet er i strid med råd frå Midt-Telemark Næringsutvikling og Visit Bø, som er urolege for kva som vil skje med handelsmønsteret, og korleis det vil gå med butikkane i Bøgata. Det er lett å slutte seg til uroa. Me har alle sett bysentrum og bygdebyar som er resultat av at kjøpesenter har kapra handelen. Øvste delen av Bøgata har stått mørk og trist dei siste åra. Dersom polet får flytta vidare til Bøsenteret er dette eit sterkt bidrag til at me skal få same utviklinga i resten av gata. Kven ønskjer det? Synst formannskapet butikkdød i gata er greitt?

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS