100.000 kroner til handikaptoalett og digitalt utstyr
Sparebankstiftelsen DNB har delt ut pengar til 338 tiltak på Austlandet. To av tiltaka som har fått pengar er i Midt-Telemark.
Ordninga til Sparebankstiftelsen DNB der ein kunne søkje om støtte på inntil 50.000 kroner hadde søknadsfrist 1. februar. Dette var ei forenkla ordning med enklare søknadsskjema og raskare behandling.