MINNEORD: 

TIL MINNE OM: Thoralf Fossheim.

– Thoralf var alltid bøhering, sjølv om han budde største del av livet sitt i Oslo

Publisert

Thoralf Fossheim døydde 19. september, 90 år gamal.

Thoralf budde i ungdomstida i Bøgata, i huset som faren og onkelen hans hadde bygd. Faren hadde mykje reiskap som Thoralf boltra seg med. Thoralf var svært fantasifull og interessert i teknikk, og fann på mykje rart.

Han lika å leike i Evjubekken med barkebåtar som han hadde laga. Om vinteren kjørte han på sjølvlaga skisykkel med gamle ski under på snøfonner og i dei bratte bakkane i Grivireina.

Thoralf var ein god skihoppar, ikkje minst i skuleskirenn i Haugerudbakken. 

På folkeskulen hadde han Mattis Kleppen som lærar. Han var svært flink til å undervise i rekning, og det var midt i blinken for Thoralf. Det var nok her han la grunnlaget for seinare tekniske studiar.

I friminutta på skulen var det mykje leik, ofte med Thoralf i styringa. Vi slo ofte ball, og Thoralf sprang utruleg raskt etter ballen, så vi andre klarte aldri å ta han igjen.

Fyrste skuleturen gjekk til minnehalla i Stavern. Det var ein minnerik tur og stas å koma utanfor bygda.

Thoralf var svært interessert i å sjå filmar. Han var god til å snike seg fram i filmkøen og lurte fleire gonger på korleis han skulle koma inn gratis og sleppe å betale 50 øre.

Thoralf var friidrettsgut. Han var ofte på Sandvoll og trena, både i høgdehopp og lengde, og han sprang under 8 sekund på 60 m og 12.2 på 100 meter. Han var med i idrettsstyret i 1953-54 i Skarphedin.

Thoralf var med i Speideren. Han var patruljeførar i Bjørn, der knutar, kart og kompass, semafor og kaste livline sto i fokus.

I seinare tid hadde Thoralf liten kontakt med Bø, men han var alltid nysgjerrig på korleis det stod til med gamle vener. 

I ei helsing i 2010 til meg står det: Ønsker «dekkan» ei riktig god jul og godt nytt år: Bygdeordet «dekkan» får meg til å tenke og misunne dere det gode liv i Bø.

Thoralf drøymde om å bli flyingeniør og studerte 2 år i England, men gjekk over til andre tekniske studiar i Frankrike. Seinare dreiv han eige konsulentfirma i Oslo, FOSSHEIM SOLUTION innan Vvs-bransjen og patentering innan fornybar energi.

Vi hadde mange gode interessante samtaler som gav meg innblikk i arbeidet hans med patentar i tunnellventilasjon, vindmøller og klima.

Nytt frå Bø og skulekameratar var alltid eit tema. Thoralf var alltid BØHERING, sjølv om han budde den største delen av livet sitt med familien i Oslo.

Det er trist at den trivelege og kreative venen Thoralf er borte, men eg har mange og artige minne frå skuletida og seinare kontakt.

Powered by Labrador CMS