MINNEORD:

AKTIV I DANSARRINGEN: Sigmund Aasdalen (t.v.) og Grete Prestholt Roligheten frå Nes Nasjonale Dansarring saman med avdøde Harald Omnes.

– Harald, gjennom livet ditt har du sett djupe spor

Til minne om Harald Omnes

Kjære Harald!

Folkemusikk og dans blei ei av dine store interesser, og gjennom livet ditt har du satt djupe spor – ikkje minst i Nes Nasjonale Dansarring. Her la du ned eit arbeid som vi ser tilbake på med både stolthet og glede.

Alt i 1987 var du med på dansekurs på Evju bygdetun med Nils Flatland som instruktør. Mot slutten av kurset bar det til Gavlesjåstulen på Lifjell, der de dansa ute på vollen for budeia Ragnhild Lia – eit augeblikk som til og med blei foreviga på film. 

Året etter, under Landskappleiken i Bø, var du allereie sterkt engasjert både som dugnadsarbeidar og organisator.

Din innsats strekte seg langt utover bygda. 

I 1997 og 2007 var du med på turnear til USA, der oppvisningane i regi av Nes Nasjonale Dansarring kulminerte på Norsk Høstfest i Minot. Du var og leiar i laget frå 1999 og fleire periodar framover.

Du hadde ein stor del av æra for 50-årsjubileumsboka Å hildrande du, skriven av Ingvar Skobba, som fortel historia til dansarringen frå 1951 til 2001. 

I tillegg var du med på turarbåde til Latvia, Frankrike og Italia – alltid med dansen i sentrum.

Rekruttering blei ei hjartesak for deg. «Me må satse på dei unge», sa du – og det gjorde du. 

Du bygde opp eit samarbeid med Kulturskolen i Midt-Telemark, sørga for instruktørar, midlar og gode rammer. Du stilte opp på øvingane, serverte litt godt å bite i og sørga for at ungdomane fekk både læring og fellesskap. 

At fleire av dei seinare har hevda seg på Landskappleiken, er eit synleg resultat av ditt arbeid.

Ein annan stor prestasjon var flyttinga og restaureringa av lagshuset frå Holtsås til Evju bygdetun. 

Du skaffa pengar og tillatelser, og saman med dyktige fagfolk og mange dugnadsfolk blei huset sett i stand. Med nytt dansegolv og flotte fasilitetar har det blitt eit samlingspunkt både for dansarringen og for folkemusikken elles.

Din innsats blei lagt merke til. I 2021 fekk du FolkOrgs Ildsjelspris – ein velfortent heider for ditt arbeid med både rekruttering og restaurering. 

To år seinare blei du utnevnt til æresmedlem i Nes Nasjonale Dansarring.

Vi minnest deg som ein drivkraft, ein organisator, ein omsorgsfull støttespelar for dei unge og ein ekte eldsjel for folkemusikken.

Fred over Harald sitt minne.

Powered by Labrador CMS