Minneord:

– Gunn Marit var ikkje så opptatt av ting, men ho var opptatt av å leva livet
Til minne om Gunn Marit Vestgarden (20.12.1973 - 24.06.2025)
Vi har ei lita søster
vi har ein liten bror
Som er litt annerledes
enn andre barn på jord
De kom til denne verden
det vanskelige sted
med mindre håndbagasje
enn vi er utstyrt med
Dei to fyrste versa i Inger Hagerup sitt dikt «Våre små søsken»

Gunn Marit var ei slik datter, ei slik søster og ei slik tante - og ho var bestandig ei heilt spesiell jente!
I dagens samfunn der så mange er opptatt av det perfekte, gleda Gunn Marit seg over livet.
Ho nøyt kvart sekund av oppmerksomhet frå folk ho møtte på sin veg. Om det var på veg opp gata ein ludag sammen med mamma, når ho var på jobb eller når ho var på ein av dei mange ferieturane sine.
Øyeblikket var viktigast.
Ho var ikkje så opptatt av ting, men ho var opptatt av å leva livet, og fylle det med gode opplevingar.
Gunn Marit var ei glad jente og smilet var aldri langt unna, men ho var og ei bestemt jente!
Om det var noko ho ikkje ville, så blei det ofte slik! Då svara ho: Me får sjå!
Ho gjekk fyrst i barnehagen på Valen, før ho starta der på skulen, sju og eit halvt år gamal.
Der var dei to jenter i klassa, med lærarane Arne Bergan og Ingrid Vegum.
Etter det følgde ho klassetrinnet sitt heilt til ho var ferdig med tre år på vidaregåande, eit på Notodden og to i Seljord.
Ho lærte å lese og skrive, noko ho hadde stor glede av heile livet. Ho skreiv lange brev, ho skreiv eventyr og ho dikta songar.
Det er ikkje få som har fått bursdags- eller julekort frå Gunn Marit. Der sto det «Nå skal du få eit fint kort av meg!»
For Mari og Gunne var det ikkje noko tema at ho ikkje skulle bu heime og gå på vanleg skule. Det var nok mange som gjorde andre val når dei fekk barn med Downs syndrom på den tida, men ikkje på Vestgarden.
Ho fekk ein heilt spesiell plass i familien, og alle var med på å ta ansvar for Gunn Marit. Noko dei gjorde heilt fram til ho døde 24. juni. Då sat søskena Kjell Tore og Margit ved senga hennar og var saman med ho.
Kvar bursdag og kvar jul gjorde dei ekstra stas på Gunn Marit. Det var kake, bursdagsong og presangar. Heime var det ingen som fekk så mange julepresangar som Gunn Marit. Om ho var usikker på om ho fekk det ho ønska seg, kjøpte ho det sjølv, pakka det inn og la det under treet.
Etter tre år på vidaregåande skule starta ho å arbeide på Bø arbeidssenter. Her hadde ho mange oppgåver, blant anna postombæring. Ho gjekk frå Napastaa og opp i gata, der ho var innom kommunehuset, henta post og levera på teknisk etat på Bekkevoll.
Ho lika desse turane gjennom Bøgata, det var mange som ropa og vinka. Gunn Marit elska oppmerksomheteten, men ho hadde ikkje tid til å stoppe. Ho var trass alt på jobb!
På arbeidssenteret var det mange oppgåver ho var glad i. Ho måla bilder og ho brodera. På kontoret på Grauteknapp heng det bilde som synleg bevis på at her har Gunn Marit budd. Sist men ikkje minst var ho i veden. Her hadde ho og pappa felles interesser.
I 2001 flytta ho heimafrå og opp i leilighet på Grauteknapp. Fyrst i kjellaren på den gamle prestebustaden og etter det inn i nyoppussa leilighet i bufellesskapet.
Det var ein stor overgang for mamma og pappa når ho flytta. Det var viktig for dei at ho hadde tryggheit og at ho hadde det bra. Mari hadde tatt hånd om Gunn Marit heile livet, og det å sleppe taket og stole på at andre tok det ansvaret var ikkje spesielt enkelt.
Det som gjorde det litt enklare var at Erna, Erna Bakke, fekk hovudansvaret og oppfølging av Gunn Marit dei fyrste åra. Me er Erna ein stor takk skyldig for at det gjekk så bra som det gjorde. Ho hadde omsorg og tryggheit nok for alle.
Gunn Marit blomstra – ho pynta i leiligheten, ho skreiv invitasjoner og ho heldt store festar. Personalet vart invitert og dei fekk servert paraplydrinkar blanda av det som var i skapet av saft, ulike smaker av brus, bruspulver og sjølvsagt, ein paraply på toppen. Gunn Marit elska det!
Ho var glad i arbeidssenteret og ho ville veldig gjerne gå på jobb. Feriar var i grunn noko tull, i alle fall om ikkje det var nokre spennans turar i sikte.
Ho har opplevd mykje meir enn mange andre! Det var mange som var glad i Gunn Marit, og det var mange som ville glede jenta som elska å la seg glede.
Her er nokre av høgdepunkta på det alle desse turane:
· Då ho fylte 30 år tok Geir Kåre og Marita med seg tante Gunn Marit på cruise. Då var ungdommen på tur utan vaksne, og det var dans til langt utpå kvelden, god mat og parablydrinkar.
· Gunn Marit har bestandig vore stor fan av Abba! Filmen Mamma Mia er sett utallige gonger og det har vore mykje dans på golvet i leiligheten etter Abba-musikk. Da invitasjonen kom frå Elisabeth og Kristin om å vera med på ferie til Hellas og øya Skopelos der Abba-filmen vart spela inn, var ikkje Gunn Marit vanskeleg å be. Sigrunn Hanto, primærkontakten, og Gunn Marit sin store helt på Grauteknapp fekk vera med, og desse fire reiste på tur. Det var stor lykke!
· Den siste turen me fekk til før ho vart for sjuk, var på Mamma Mia-oppsetninga på Folketeateret i Oslo. Med Sigrunn som den trygge, fekk me med kånn Gunn Marit inn i teateret. Og igjen var det kjente og kjære smilet til Gunn Marit på plass.
· Ho var på utallige skogturar, feriar, og fjellturar saman med familien, ho var på Gaustatoppen og i skogen heime. 40-årsdagen sin feira ho på Mallorca saman med heile familien.
Til slutt må me seie litt om Grauteknapp, Bø arbeidssenter og alle som jobbar der. Alle me i familien er takknemlege for all den omsorga de har vist Gunn Marit.
Ho har hatt det trygt og godt, og ho har blitt tatt godt vare på. Det er ikkje få rundar med vriåttar og Yatzy dekkan har spela, eller få dansar de har dansa rundt på kjøkkengolvet. Ein stor takk til alle!
Etter at Gunn Marit fekk påvist Alzheimer for fire-fem år sea, har alle på Grauteknapp og Bø arbeidssenteret stilt opp med dei resurssane som det har vore behov for, og ho har fått all den hjelpa ho har trengt.
På Grauteknapp blei det sagt: Alle som ønsker å dø heime skal få det – og det fekk Gunn Marit. Heimen hennars var på Grauteknapp og det var her ho var trygg. Ho sovna inn i senga si 24. juni 2025.
Kjære Gunn Marit – takk for alt du har lært kånn!