MINNEORD:

– Gunhild var i alle år ei stor drivkraft, og vil bli djupt sakna
Gunhild Haugestøl har i alle år vore ei drivkraft for dei utviklingshemma i Telemark og ikkje minst i Bø. Ho gjekk ut av tida 20. august og vil bli djupt sakna.
Gunhild og Ivar hadde 4 born, og med Reidar fødd i 1956, som etter kvart viste seg å ha ei funksjonshemming, vart familiesituasjonen svært krevjande.
Dei såg seg nøydd til å levere Reidar til omsorg på Bakkebø og seinare Dagsrudheimen. Det var forferdeleg tungt og trist for Gunhild.
Bø Støttelag, som seinare fekk namnet Bø Støttelag for Dagsrudheimen, vart stifta i 1952 og Gunhild kom tidleg inn i laget og engasjerte seg.
Dei samla inn til gåver for bebuerane, både til bursdagar og til jul. Det vart også skipa til festar for bebuerane der Gunhild laga mengder av kaker som Ivar, mannen hennar, køyrde i skytteltrafikk for avlevering på Dagsrud.
Gunhild fekk med seg mange engasjerte damer i Bø som var villige til å bidra. Sjølv om mange av desse ikkje hadde nokon funksjonshemma i sin eigen familie gjorde dei ein stor innsats for ungane på Dagsrud.
Ein gong i året kom mange av ungane med buss til Bø. Kvar einskild vart med heim til ein familie som fann på mykje moro den dagen, aking, leiking, anna moro og god mat. Dette var svært populært.
Frå 1972 vart Gunhild leiar i støttelaget for Dagsrudheimen, seinare NFPU, Norsk forbund for psykisk utviklingshemming i BØ. Dette vervet hadde ho til 1999.
Foreldrelaget ved Dagsrudheimen jobba for å få til feriestaden Vindheim. Bø støttelag ved Gunhild fekk samla inn mykje midlar til utstyr for denne ferieheimen, det var både til innredning og utstyr til aktivitet ute, som båt, flytebrygge og redningsvestar, med mykje meir.
Seinare jobba Gunhild mykje med å få til eit bra skuletilbud i kommunen, og avlastningsheim til familiar med funksjonshemma som hadde ein svært krevjande kvardag.
Det var viktig med vernepleierar og husmorvikarar slik av familiane kunne få eit pusterom i blant. Gunhild fekk Bø kommune til å løyve kr. 15.000 til avlastning i 1978, ein god begynnelse. Også ei bragd!
Frå 1981 jobba ho iherdig for å få til ein avlastningheim i Bø og Sauherad kommune, og i oktober 1984 stod Espetun ferdig. Støttelaget skaffa mykje inventar og utstyr for å gjera det triveleg i avlastningsheimen.
Etter at HVPU-reformen kom i 1991, jobba Gunhild iherdig med kommunen for at dei skulle bygge gode og funksjonelle boligar i Bø kommune. Ansvaret etter reformen vart då lagt til kommunane som derfor måtte skaffe boligar, bemanning og aktivitetstilbud til dei som skulle busetja seg i kommunen.
Det var ein stor seier då boligen Grauteknapp med 6 leiligheiter stod klar. Deretter vart Grivihaugen og Hagestad bygd. Og dermed kom alle som ynskte det tilbake til eigen kommune.
Innsatsen til Gunhild vart krona med hell og ho fekk utmerkelsen Årets Bøhering i 2018.
Gunhild har vore svært aktiv i NFU Midt-Telemark lokallag i alle år, også etter at ho gjekk av som leiar. På den årlege juletrefesten har ho alltid stilt opp med store og lekre blautkaker til alle 60-70 festdeltakarane.
Gunhild som den alltid like energiske og positive kvinna ho var, vil bli djupt sakna av oss alle. Me lyser fred over hennar minne