MINNEORD: 

TIL MINNE: Dordi Elisabeth Norheim.

Dordi Elisabeth Norheim til minne

Publisert

Kjære Dordi Elisabeth

Du blei medlem i Nes Nasjonale Dansarring i 1983. På den tida var barna dine med i dansarringen, Inger Hilde og Gunleik Bjørn. Det var nok svigerinna di Dordi, som hadde fått barna dine med og da kom du etter.

Du blei veldig aktiv dansarringen, her tok du på deg verv, organisera og kom med gode forslag til aktivitetar.

Kompegeneral vil me kalle deg, for det blei tradisjon å lage kompemat på Evju, som dansarringen selde på Evju og på Sauheraddagene i Gamlegata på Gvarv. Som primus motor og sjef for kompelaginga var du ein einar.

Du har deltatt på mange landskappleikar i lagdans, og ikkje minst vore med på mange danseoppvisningar.

Folkemusikkturar har du også deltatt på. Du var med til Europeade i Munchen, Baltika 2000 i Latvia, USA to gonger, Færøyene, England, Fiskerimesse i Tyskland og Folklore i Praha.

Ja, du likte å reise. Me var tre vener av deg som reiste med deg til Dublin. Me tok fly frå Rygge, men på båten Horten-Moss kom du på at bankkortet låg att på kjøleskåpet heime. Ja ja, sa eg, da får du låne detta kortet. Hått er det for eit kort? Jau, det er adgangskortet te sjukeheimen i Lunde!

Dordi kosa seg på turen, ho peika på hått ho ville ha, og me servera ho.

Skodespel på Bygdetunet i Lunde var du også med og organiserte. Her må eg nevne att fuglar var du ikkje særleg glad i, og dei mange som kjenner deg veit det. Her var det tre ender som var spesielt interessera i deg. Du sveiv rundt blant publikum, og endene fylgde etter. Det gjorde at du fekk nesten meir fokus enn skodespelet, hugsar eg.

Ja, eg nemnde at du var glad i å reise, og du har hatt som reisehobby å besøke dei fleste kommunar i Norge.

Det er bare nokre få du ikkje har besøkt, og med din gode hukommelse vil eg seia at du var eit geografisk leksikon. Når eg ringde deg, så sa du: Å ja, nå veit eg hårre du er på tur. Da må du køyre innom der og der og sjå på det og det, ja det er så fint der. Nei, nå blei eg nesten misunneleg, eg fekk lyst på tur igjen, eg nå.

Ja, ho var så ivrig og prata så fort at orda glei i saman.

Heimen din har alltid vore open, der har me hatt musikkveldar, god prat og ikkje minst god mat.

Dordi, du har vore særdeles inkluderande og sosial.

Kallenavna dine må du ta med deg : Besta, Dansebesta og Kompis.

Fred vera med deg.

 

Powered by Labrador CMS