MINNEORD:

TIL MINNE OM: Arne Thorkildsen.

– Arne var ein snill heiders­­kar som alltid stilte opp for andre

Publisert

Det var med stor sorg vi mottok beskjeden om at Arne Thorkildsen var død 20. oktober 2025. 

Han hadde vore sjuk i fleire månader, men det var likevel optimisme å spore like til få dagar før bortgangen. Han vart då plutseleg verre, og livet stod ikkje til å redde.

Arne var ein heiderskar på så mange område, og han var fagmann på det meste han gjennomførte. 

Han ga aldri opp å gjennomføre oppgåva, ofte ved hjelp av Youtube. Det kunne til dømes vere ein vanskeleg bilmekanikarjobb utført på garasjegolvet i opptil fleire timar, ofte under kalde forhold.

Mange fekk hjelp av Arne, og det er fleire som vil sakne hans hjelp framover. Han sa aldri nei, sjølv om han hadde flust med arbeid heime og på fritidseigedomane på Rauland og Bjønnes (Porsgrunn). Han prioriterte oftast å hjelpe andre først. 

Ja, Arne var ein snill mann med empati og god humor, lun som han var.

I Bø løypelag gjorde Arne ein stor innsats i veldig mange år. Han var formann i styret like til sin død, ein jobb han levde og anda for og som han utførte på ein særdeles god måte. 

Hans diplomatiske leiarstil gjorde han godt likt blant dei han skulle samarbeide med. 

Trass i alt arbeidet han hadde som styreformann og leiar i løypelaget, var han alltid også med på dugnadsarbeid som m.a. løyperydding, bygging av små bruer og garasje for maskiner og utstyr.

I LØYPELAGET: Arne Thorkildsen gjorde ein stor innsats for Bø løypelag gjennom mange år.

Underteikna var så heldig å bli kjent med Arne for over 30 år sidan, og etterpå har vi vore gode kameratar. 

Arne var veldig glad i å vere ute i naturen, og vi delte den interessa. Turane til fots, på ski eller sykkel, vart mange. 

Han tok meg med på mange fjelltoppar som eg elles neppe ville ha opplevd å nå. Ofte kunne det vere turar i relativt utfordrande og mildt sagt ulendt terreng, men ingen ting var umogeleg for Arne. Nistepakka var alltid med på dei lange turane.

Vi deltok i mange lange skirenn som Birkebeinerrennet, Vasaloppet, Marcialonga med fleire. 

I nokre sykkelritt som til dømes Odda-Bø var vi også saman. Og Arne var den som fekk meg med på ein 14 dagars sykkeltur i Kina i år 1998. Det vart ein opplevelse av dei sjeldne.

Seinast i fjor haust var vi på ein skitur på "Gazastripa" på Rauland. Dette var ein standardtur nesten kvart år. 

Utpå vinteren vart det også ein fin skitur mot Sveige bru, begge gonger i knallver. Vi kosa oss på desse turane, og nå vert det å sjå på bilde vi tok. 

Siste lange skituren saman vart mot vårparten til Breisethytta og vidare i retning Skrimfjella. Dette var eit område han ville vise meg, og det vart ein koseleg tur der vi tok det roleg og prata mykje undervegs. 

At dette skulle bli den siste lange skituren saman er umåteleg trist og nesten ikkje til å tru. 

Minnene er så mange, og Arne vil bli sterkt hugsa.

Powered by Labrador CMS