MEINING:
Vindmøller, burgersjapper og avgift på parkering? Det kan du bestemme
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Kva tenker du om vindmøller i Sauheradfjella? Kor høgt skal det vera lov å bygge i Bø sentrum? Skal me busette flyktningar i kommunen vår? Kva med å innføre parkeringsavgift? Burde me slå saman legesentra våre og berre ha eitt stort legekontor på Gvarv? Korleis skal me få fleire til å flytte til heile kommunen vår?
Vil du bli med og meine noko om kva som skal skje i kommunen framover?
Det er lokalval om under eit år, og avisene skriv nå saker om at ein del politikarar vil gi seg.
Det er naturleg, men me synest det er litt leitt at mange der ute ser ut til å ha inntrykk av at lokalpolitikk fyrst og fremst er tidkrevjande, dårleg betalt og slitsamt på grunn av dårleg kommuneøkonomi. Det er ikkje heilt feil sjølvsagt, men lokalpolitikk er også meiningsfullt, lærerikt og interessant.
Om du tenker at kommunepolitikarar ikkje har noko å drive med om dagen fordi dei ikkje har pengar til noko som helst, så stemmer ikkje det.
Det er små og store avgjerder som må takast i løpet av dei 8-10 kommunestyremøta som er i løpet av eit år. I tillegg har me eit budsjett på over ein milliard, så sjølv om ein har dårleg råd, er det viktig at nokon tar jobben med å prioritere!
Me håpar på å få mange nye engasjerte kollegaer i kommunestyre, utval og i medlemsmøter.
Kanskje me skal vurdere å legge både Burger King og McDonalds midt på torget slik at det er lett å få seg kjapp mat i pausene på politiske møte?
Eller kanskje ikkje?
Berre dei som er med i landets største og viktigaste dugnad, lokalpolitikken, kan faktisk bestemme. Finn det partiet som står deg nærast (ingen er heilt einige med berre eitt parti), meld deg inn og bli med!
Beste helsing alle partia i Midt-Telemark kommune:
Midt-Telemark Venstre
Midt-Telemark Arbeiderparti
Midt-Telemark MDG
Midt-Telemark Sosialistiske Venstreparti
Midt-Telemark Høgre
Midt-Telemark Senterparti
Midt-Telemark Raudt
Midt-Telemark Kristlege Folkeparti
Midt-Telemark Framskrittsparti