MEINING:
– Ver turist i eige fylke i sommar
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Eg vil kome med ei oppmoding til alle telemarkingar denne sommaren: Ta deg tid til å vere turist i eige fylke.
Me er heldige som bur i eit område med ein unik kombinasjon av storslått natur, rik kulturhistorie, levande lokalsamfunn og eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar som skapar aktivitet og opplevingar gjennom heile sommaren.
Likevel er det ofte slik at me reiser langt bort for å oppleve noko nytt, og overser perlene rett utanfor eiga dør.
Telemark har verkeleg noko å by på for alle. Enten du føretrekkjer fjell og vidder, innsjøar og kyst, historiske stader eller familievenlege aktivitetar, finst det opplevingar som fortener eit besøk.
Kanskje er det lenge sidan du sist gjekk langs kanalen, var ved kysten vår, besøkte eit lokalt museum, deltok på ein festival eller tok turen til ein kommune du sjeldan er i?
Når me vel å utforske vårt eige fylke, gjer me meir enn å skape gode sommarminne. Me bidreg og til lokal verdiskaping.
Kvar kaffikopp på ein lokal kafé, kvar overnatting, kvar billett til eit kulturarrangement og kvart besøk hjå ein lokal aktør er med på å styrkje arbeidsplassar, næringsliv og aktivitet i lokalsamfunna våre.
Ikkje minst er sommaren ei viktig tid for frivilligheita. Rundt om i Telemark legg friviljuge ned tusenvis av timar for å arrangere konsertar, marknader, idrettsarrangement, bygdedagar og festivalar. Ved å delta viser me støtte til alle som skapar møteplassar og byggjer fellesskap.
I ei tid der mange kjenner på aukande kostnader, kan det og vere verdt å hugse at dei gode opplevingane ikkje nødvendigvis finst lengst unna.
Mange av sommarens beste minne kan bli skapte på dagsturar, i nærområde eller på stadar me aldri har teke oss tid til å utforske tidlegare.
Derfor håpar eg at fleire vil bruke sommaren til å oppdage nye sider av Telemark. Ta med familie, venner eller naboar på tur. Besøk ein festival, eit museum, ein kulturarena eller ein stad du alltid har tenkt du skulle sjå nærare på. Me har mykje å velje på!
La oss vere stolte av fylket vårt – og bruk sommaren til å oppleve alt det flotte Telemark har å by på.
God sommar!