Meining:

MEINING: Evy Beate Stykket, 2. kandidat for Telemark Venstre til stortingsvalet.

– Venstre vil løysa kollektivkrisa – nå

Publisert

Noreg står i den største kollektivkrisa me har opplevd på fleire tiår. Fylke over heile landet varslar om nedleggingar i tilbodet og auka prisar dersom ikkje staten stiller opp med midlar for å kompensera for ein kraftig kostnadsvekst som følgjer av mellom anna høge renter, inflasjon og skjerpa internasjonal konkurranse om materiell.

Eit godt kollektivtilbod er viktig både for å sikra at folk kjem seg til og frå jobb og andre stader på ein rask og effektiv måte, og for å kutta klimagassutsleppa våre. Kollektivtilbodet står derfor øvst på blokka når Venstre skal i gang med å laga sitt alternativ til det reviderte budsjettet.

Venstre kjem også til å fremja eit forslag i Stortinget som skal behandlast neste veke, der me går inn for at fylka skal sikrast full kompensasjon for auka utgifter til drift av kollektivtrafikken som følgje av generell kostnadsvekst og for kostnader knytte til krav som blir stilt ved anskaffing av bussar. Førebels ser det dessverre ut som forslaget kjem til å bli nedstemt, men me håpar fleire snur når dei får tenkt seg om litt.

Her i Telemark er problemet først og fremst eit stadig dyrare og dårlegare busstilbod. Dette fører til meir bruk av privatbil. Auka prisar vil føra til at færre bruker busstilbodet. Det skal skaffast nye, utsleppsfrie bussar og ein stor del av nedslitne dieseldrivne bussar må fornyast. Derfor vil me i Telemark Venstre jobba vidare for at fylkeskommunane fullt ut blir kompenserte for kostnader knytte til krav som blir stilt ved anskaffing og drift av bussar.

Regjeringa hadde ein sjanse til å komma med ei hjelpande hand til fylka i revidert nasjonalbudsjett, men valde å ikkje gjera det. No må me prøva det me kan for å få Stortinget til å retta opp i feilen regjeringa gjer.

For Venstre er det heilt klart at eit godt kollektivtilbod kan auke attraktiviteten til fylket som ein god stad å busetja seg, samtidig som det bidreg til betre luftkvalitet, mindre bilkø og lågare klimagassutslepp.

Derfor vil Venstre tenkja nytt, og byrja å hjelpe fylka med å laga eit så godt kollektivtilbod som mogleg.

Powered by Labrador CMS