Heilt sidan TDH blei etablert i Bø i 1971 (etter stor motstand frå ein del av innbyggjarane i kommunen), har institusjonen vore ei god drivkraft, og ikkje minst ein god samarbeidspartnar i og for kommunen. Det er derfor synd, og litt overraskande, at det nå kjem til synes ei mistru og mistenkeleggjering av USN og partnaren SSN i Gullbring-saka. Det har ikkje rot i historia, snarare tvert imot, og det er synd om ei slik mistru skal øydelegge det gode samarbeidet som har vore mellom USN og kommunen i snart 50 år. USN og SSN er ikkje framande, kommersielle aktørar slik enkelte ser ut til å meine. Dei har vore her i 50 år, og har overlappande interesser med alle midt-telemarkingar når det gjeld å sikre Gullbring som kulturbygg.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS