
– Tiltak som tel i krevjande tider
Midt-Telemark kommune er i ein krevjande økonomisk situasjon. Meirforbruket i forhold til inntekter er så stort at kommunen nå lett kan kome på den såkalla ROBEK-lista. Det er lita trøyst i at mange kommunar er i denne situasjonen, og at Bø og Sauherad kommunar har vore på denne lista i mange år før samanslåinga.
Det er grunn til å understreke at kommunen har prioritert kvalitet i mange tenester. Vi ligg høgt på område som barnevern og sosialstønad, og innan legetenestene har vi valt kommunalt tilsette legar for å sikre stabilitet og gode helsetenester. Dette gir høgare kostnader enn det staten finansierer.
Vi må jobbe aktivt for å redusere utgiftene til sosialstønad og barnevern, sjølv om mykje her er lovpålagt og vanskeleg å styre. Det er avgjerande å få fleire ut i arbeid og inn i meiningsfulle livssituasjonar. Dette krev samarbeid mellom kommunen, NAV og andre aktørar, og vi arbeider målretta med tiltak som skal bidra til dette.
Midt-Telemark kommune har gjort mange grep for å betre økonomien dei siste åra. Her er nokre av tiltaka:
· Reduksjon frå seks til fire kommunalsjefar og kutt i administrasjonen, slik at vi no ligg under samanliknbare kommunar.
· Redusert bemanning på fleire område.
· Omlegging av Furumoen til heildøgns omsorg og samanslåing av heimetenesta.
· Stenging av to avdelingar på Bø sjukeheim.
· Meir enn 30 millionar kroner i redusert forbruk innan helse og omsorg.
· Satsing på heiltidskultur, særleg innan helse, omsorg og oppvekst, for å gi betre tenester og redusere sjukefråver.
· Tiltak for å auke innbyggjartilskot frå staten ved å gi studentar insentiv til å melde flytting til kommunen.
· Tidleg innsats i barnehagane med ein spesialpedagog per barnehage, for å redusere utgifter til barnevern på sikt.
Desse tiltaka har vore nødvendige og mange av dei har vore krevjande, men det må meir til.
I komande budsjett må vi ha fokus både på tiltak som reduserer utgifter utan konsekvensar for tenestene og tiltak som reduserer tenestetilbodet. Lovpålagte tenester må då prioriterast og halde et forsvarleg kvalitetsnivå. Kommunestyret er no i ein krevjande prosess for å få aktuelle tiltak på plass.
Vi trur at mange vil helse eitt mål velkommen: Redusere sjukefråveret. I dag er det på rundt 10 prosent, noko som kostar fleire hundre tusen kroner per dag. Eit kutt på berre eit prosentpoeng vil spare kommunen for kanskje 3-4 millionar kroner årleg.
Vi ser fram til ein konstruktiv og god budsjettprosess der administrasjon, tilsette i kommunen og dei politiske partia har ulike roller.
Vi må halde fast ved det som verkeleg betyr noko: Sikre gode tenester og moglegheiter for alle innbyggarar.