Sidesprang:

FAST SPALTIST: Tone Aarnes er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

Talet på kjendisar har eksplodert, og eg har mista oversikta for lengst

Publisert

Kva er verkelegheita? For eit spørsmål! Kan det vere noko å lure på? 

Det er jo det vi ser og høyrer rundt oss heile tida. Nokre gonger kan det bli altfor mykje verkelegheit – ein kan ynskje seg bort frå den. 

Meir og meir ser eg at det er så mange slags verkelegheiter. Ja, for kva har skjedd med den verkelegheita eg trudde eg delte med dei fleste andre? Den som me ein gong fekk med NRK og som gav oss ei felles forteljing 

Fast skribent: Tone Aarnes

Tone Aarnes, neshering frå Årnes som finn seg vel tilrette i den fine alliansen Midt-Telemark, med bustad på Langkåshaugen. 

Realskule og gymnastid i Bø, og etter studietid i Oslo, Bergen og TDH i Bø, (skulefag alle stader), blei fyrste jobb på Honningsvåg vgs på Nordkapp, deretter Lunde vgs. Dei fleste åra blei på Bø vgs som lektor og avdelingsleiar. 

No er Tone pensjonist og fyller livet med det som gir energi, mellom anna reiser, trening, lesing, vener og ikkje minst, to barnebarn.

Me samla oss så å seie rundt dette felles skjermbålet og kunne snakke saman om, og diskutere det vi hadde sett og høyrt. Og me visste kva for redaksjonell politisk haldning avisene hadde. 

Alt dette var før mangfaldet braut fram og monopola tok slutt ein gong på 1980-talet.

No rår mangfaldet. Vi har utallige TV-kanalar og vi kan sjå kva vi vil når vi vil. Det er slutt på tida då vi alle ”måtte” sjå Dynastiet på same tid for å snakke om kor fæl Alexis kunne vere mot Blake Carrington og den vakre, og alltid eiegode kona hans, Krystle. Det blei mykje morosam pauseprat dagen etter ein episode av denne såpeserien.

Men dette er mimring om gamle dagar. No ligg alt på spelaren, me treng ikkje sjå dei same programma eller høyre dei same nyheitssendingane. 

Talet på realityseriar har eksplodert, det same har talet på kjendisar. Eg har i alle fall mista oversikta for lengst. 

Internett med sosiale medium har skapt heilt nye ”verkelegheiter”. No kan alle dele alt på nettet. 

Me kan få vite kor gale det kan gå når fettet frå baken hamnar i brysta, når silikonen klappar saman eller det blir for mykje botox på feil stad. Den nye yrkesgruppa influensarar deler alt viss me bare orkar å følgje dei. Og det er det faktisk mange som gjer, det er ei verd og ei verkelegheit for seg sjølv. 

Andre igjen finn verkelegheita i konspirasjonsteoriar og er sikre på at kondensstripene frå fly slepper ut gift, og at 5G og vaksinar vil truge liv og helse. 

Kunstig intelligens vil ikkje gjere det lettare for oss å skilje mellom sant og usant, verkelegheit og fiksjon. Og med smarttelefonen har me alt dette med oss i lomma heile tida. Me har flytta inn i den digitale verda.

Powered by Labrador CMS