Meining:

STOR ARBEIDSPLASS: På Bø vidaregåande skule har Jon Helge Bergane vore leiar for rundt 60 tilsette.

– Takk til ein som takkar av

Bilete av ni tidlegare rektorar heng på ein eigen vegg på Bø vidaregåande skule. Snart kjem eit nytt.

I 2006-2007 starta tørdølen Jon Helge Bergane som rektor på Bø vidaregåande skule. Han kom til skulen med lang fartstid som rektor, sist på Bø ungdomsskule. 

Han var heller ikkje ukjent med sin nye arbeidsstad. I åra 1974 til 1977 var han elev på skulen, og budde på guteinternatet, betre kjent som “Hotell Ambassadør”.

Tida med Jon Helge som rektor har vore opplevingsrike år, med gjennomføring av nye læreplanar, bygging av fleirbrukshall og feiring av 100-årsjubileum for skulen. 

For oss som jobbar her har han vore ein tydeleg og ryddig leiar, med ein imponerande arbeidskapasitet som kan ta pusten frå nokon og ein kvar. 

Men han er også raus, inkluderande med eit usedvanleg godt humør og ein solid dose sjølvironi. Dette er eigenskapar som samla har gjort Jon Helge til ein god leiar for skulen.

No skal også Jon Helge opp på veggen. 

1.mai takkar han av som rektor. Me vil takke for alt Jon Helge har gjort som leiar og kollega på Bø vidaregåande skule.

 

Powered by Labrador CMS