Meining:

MEINING: – Det handlar om å plukke med deg det du måtte finne av søppel på vegen.

– Ta med ein pose i sekken og gjer turen meir meiningsfull

Publisert

Har du ein sti, ein skog eller eit friluftsområde i nærleiken som treng litt kjærleik?

Ferietid betyr at me endeleg får meir tid til å vere ute i naturen, anten det er på fjellet, ved sjøen eller i nærskogen der du bur. Å vere ute gir oss ro, overskot og påfyll vi ikkje får noko anna stad, og forskinga viser at så lite som 15 minutt i grøne omgjevnader har positiv effekt på vår psykiske helse. Og tek du med ein pose, gjer du noko godt òg for natur, dyreliv og for turgåarar som kjem etter deg.

I sommar håpar me difor du vil vere med på å ta ein «tur med meining». Det handlar rett og slett om å ta med ein pose i sekken, og plukke med deg det du måtte finne av søppel på vegen. Kanskje ligg det attgløymt matpapirbit ved rasteplassen, ei vassflaske langs stien eller nokre snusposar ved badeplassen.

Kvar for seg kan desse tinga verke ubetydelige, men det meste av søppel som hamnar i naturen forsvinn ikkje, det blir berre brote opp til stadig mindre bitar. Desse partiklane blir verande i naturen i hundrevis av år og kan skade både oss menneske, dyr og økosystem. 

Visste du til dømes at aluminiumsfolien frå matpakka ikkje blir “borte” før om 200 år og at plastflaska først er broten opp til mikroplast om 500 år? Sjølv søppel som dopapir og serviettar kan bli liggjande i månadsvis, og ein tilsynelatande uskuldig epleskrott som blir kasta no, ligg der som søppel til langt utpå seinsommaren.

Ein tur med meining handlar ikkje om å rydde heile skogen eller fylle sekken, men å gjere ein liten forskjell. For når me er mange som gjer litt, så blir det samla bidraget for naturen stort. Dette er ein lågterskel-dugnad alle kan vere med på, anten du skal gå langt eller kort, aleine eller med familien. Ved å plukke med deg litt søppel, etterlet du naturen litt finare enn før.

5 enkle tips til ein tur med meining

1. Ha alltid ein pose i sekken - då er du godt førebudd og det veg ingenting

2. Hugs sporlaus ferdsel - det me tek med oss ut klarer me også å ta med oss heim igjen

3. Plukk med deg det du finn på vegen - det handlar ikkje om mengde, alle monner dreg

4. Gjer det til ein leik for barna - lag «søppelbingo» og sjå kor mange ulike ting de finn eller søppel av ulike materialar

5. Hugs å kjeldesortere når du kjem heim - då er den gode gjerninga komplett

Saman kan me gjere naturen reinare, turane meir innhaldsrike, og friluftslivet endå meir meiningsfullt for oss alle.

God tur i sommar!

Powered by Labrador CMS