MEINING:

STILLER SPØRSMÅL: Jarand Felland, ordførar (Sp) i Tokke.

Sjukehuset Telemark og kvalifiserte søkarar

Direktør for Sjukehuset i Telemark hevder at sjukehuset ikkje har klart å skaffe ein psykiater til DPS-avdelinga i Seljord. 

Difor ynskjer helseforetaket å legge ned 9 sengeplassar for psykotiske pasientar. Sjukehuset har 12 andre opne psykoseplassar i Telemark. 

Ved ei nedlegging i Seljord vil over 40 prosent av psykoseplassane forsvinne frå 23. desember. I tillegg vil 20 kompetente medarbeidarar miste sitt gode fagmiljø.

Det har kome søknad frå ein psykiater som er tilsett ved Sjukehuset Telemark. Vedkomande bur i Midt-Telemark. Vedkomande er kvalifisert, men Sjukehuset konkluderer med at ho likevel ikkje er aktuell for tilsetjing ved psykoseavdelinga i Seljord. 

Denne psykiateren har stått fram i fleire media og forklart at ho tidlegare har vore sjukemeldt, delvis på grunn av stort arbeidpress. Det er i hovudsak på grunn av denne sjukehistoren at Sjukehuset i Telemark ikkje vil tilsetje ho.

Sjukehuset Telemark har også motteke ein annan søknad frå ein psykiater som er busett i øvre Telemark. Sjukehuset Telemark køyrde i sommar ein så uklår prosess (fordi Sjukehuset helst vil legge ned avdelinga?) at vedkomande heller fekk seg jobb som psykiater i nabofylket i staden.

Tilsetjingsprosessen viser at Sjukehuset Telemark ikkje vil tilsetje kvalifiserte søkarar. 

Kan det skuldast at målet til administrasjonen er å legge ned DPS i Seljord? 

Det er trist arbeidsgjevarpolitikk overfor søkarar og dei tilsette i Seljord. Men mest alvorleg er nedbygginga av psykoseplassar for brukarane i Telemark.

Eg ynskjer styret i Sjukehuset Telemark lukke til med styremøtet onsdag 22. oktober.

 

Powered by Labrador CMS