MEINING:
– Råning er ingen spøk for dei det går utover
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Ei gruppe innbyggjarar i Bø sentrum har tidlegare vedteke å sende ordføraren eit grunngitt skriv der ho sterkt blir beden om å erklære seg inhabil i alle saker som omhandlar råning.
Dette gjeld uavhengig av om ho er «kommunen sin fremste representant for lokaldemokratiet», som Chase Alexander Jordal kallar ordføraren i eit meiningsinnlegg i Bø blad.
For ikkje å gjere dette innlegget for langt, og på grunn av sensitiv informasjon, sender me kopi av inhabilitetssaka vår til Jordal. Den bør vere journalført i kommunen av ordføraren, og kan sjølvsagt hentast ut der òg.
Me legg også ved ei fyldig beskriving av valkampstuntet til Senterpartiet. Saka er elles godt nok belyst i tidlegare innsende innlegg i Bø blad.
At 13 av 14 bebuarar opptrer anonymt er fordi dei 13 ikkje er interesserte i represaliar i form av støy frå rånarane, som fleire bebuarar har vorte utsett for tidlegare, og blir utsette for dagleg.
Anonymisering i rånarsaka vil truleg dei fleste av Midt-Telemark kommune sine innbyggjarar be om.
Me har ikkje nemnd noko om å stengje riksvegen Bøgata eller fylkesvegen Stasjonsvegen, og oppfattar det heller ikkje slik at me har sett fram usakleg kritikk av ordføraren. Me har prøvd på ein sakleg måte å forholde oss til realitetar.
I rettsleg forstand vil «inhabilitet», eller «ugildheit» som betyr det same, innebere at det ligg omstende føre som er eigna til å svekkje tilliten til ein person si upartiskheit.
Viss slike forhold ligg føre, føreset reglane om habilitet at vedkommande ikkje skal delta i behandlinga og i avgjerda av den konkrete saka, ifølgje Lovdata.
Me 14 meiner framleis at det ligg slike omstende føre, og at ordføraren bør erklære seg inhabil i saker om råning.
At Telemark Senterparti på ein laurdagskveld har prestert å bruke rånarstripa i Bø sentrum til å framføre eit valkampstunt, seier i seg sjølv så mykje at det ikkje treng kommentarar utover at det er sterk tvilsamt om andre parti hadde klart det.
Råninga er INGEN spøk for dei det går utover, det burde fleire snart forstå. Alt rånarane gjer er ulovleg, ifølgje norsk lov.
Dei såkalla rånarane må få eit eige område å råne på, og Bø sentrum må skiltast med forbodsskilt. Regelbrot må ein straffe med bøter eller konfiskering av bassanlegg, og bilen ved gjentekne regelbrot.
Det finst ingen Ole Brumm «ja takk, begge delar» i denne saka. Her er det «enten å råne, eller ikkje å råne».
Kommunen har fleire byggjesaker under behandling, til dømes eit leilegheitsbygg ved Midtbygdakrysset/rundkøyringa, og ein påtenkt uterestaurant i Stasjonsvegen. Der vil til dømes borda vil stå cirka 7–8 meter frå dei opne vindauga til rånarbilane.
Tek ordføraren og kommunen det med i betraktninga når løyve eventuelt blir gitt, eller trumfar råning utbygginga?