MEINING:

MEINING: Marianne Løvlund.

– Personleg synest eg det er koseleg når eg kjem heim og hamnar i rekka av rånarar

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Publisert

På radionyheitene 9. desember klokka 08 høyrde eg Terje Dørumsgaard uttale at han synest det bør settas opp skilt om at uhensiktsmessig køyring er forbode døgnet rundt i Bø sentrum, og at brot av forbodet burde medføre bøter, eventuelt inndragelse av køyretøy. 

Denne fråsegna vekte mange spørsmål i hovudet mitt. 

Dersom eg køyrer over Langkåshaugen for å handle, men kunne ha venta til dagen etter og kombinert denne handlinga med andre gjeremål, vil eg da risikere å få bot? 

Dersom personar som ikkje orkar å sitta heime tar bilen og køyrer ein tur, av di dette gjer livet lettare for dei, skal dei få bot? 

Er det naudsynt å ta bilen opp til kyrkjegarden for å stelle gravene? Dei avdøde ligg da fint og roleg der (og eg må innom Bøgata for å koma meg dit). 

Ungdommar som har verdifullt sosialt samvær i Bø sentrum, skal dei få bot dersom dei brukar motoriserte køyretøy? 

Er tanken at dei skal bruke beina, sykle, sparke, slik som ungdommane gjorde for eit par generasjonar tilbake? 

Personleg synest eg det er koseleg når eg kjem heim til Bø etter seine arbeidsdagar, og hamnar i rekka av «rånarar» gjennom Bøgata. 

Inntrykket mitt er at det er fin, god ungdom, som eg er glad i. Det er eventuelt høg støy som det er aktuelt å fjerne av omsyn til bebuarane i sentrum. 

Å ligge i kvar si «skyttargrav» og angripe kvarandre, er destruktivt for alle partar. 

Beste utfallet trur eg blir dersom ein klarer å setta seg inn i den andres situasjon, og få forståing for kvarandre, vera vener og samarbeide for felles gode løysingar. 

Lykke til!

Powered by Labrador CMS