MEINING:

MEINING: Siren Soterud (t.v.) og Jorunn Hellekås.

– Ny godteriforskrift kjem barna til gode

Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.

Tidlegare i november hadde Bø blad ei sak der dei negative effektane av den nye forskrifta som forbyr marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot born og unge, blei diskutert. 

NRK har også publisert ein artikkel med liknande innhald. 

Begge saker handlar om at kjøpmenn er oppgitte over at dei ikkje lenger kan sponse eller dele ut usunne produkt. Sjokoladekappleiken, basarar og julegrantenningar er døme på sosiale arrangement som ikkje lenger kan sponsast med slike produkt. 

Ein av kjøpmennene seier at forbodet mot sponsing er «å dra det veldig langt, for det har vore hyggeleg å kunne bidra». 

Tanken deira er nok meint å vere god, men dersom ein reagerer negativt på den nye forskrifta, er det viktig å ta inn over seg korleis samfunnet faktisk har utvikla seg. 

Derfor kan det vere nyttig at alle set seg betre inn i kvifor ei forskrift som regulerer marknadsføring og sponsing retta mot barn og unge er både eit positivt og nødvendig tiltak. 

Forskrifta skal beskytte barn og unge mot påverknad frå marknadsføring av usunn mat og drikke. Den er ikkje perfekt, men likevel eit viktig og nødvendig steg i rett retning. 

Marknadsføring har stor påverknad på kosthaldet til barn, også for dei som er for små til å kjøpe noko sjølve. 

Gjennom marknadsføring blir forbrukaren forma frå svært tidleg alder. Dette påverkar kva barna masar om på butikken, kva slags mat dei ønskjer, og smakspreferansane deira. Vidare påverkar dette òg helsa deira.

Barn i dag blir tilbydde søtsaker på utruleg mange ulike arenaer der det tidlegare ikkje var sukker involvert. Døme på dette er kjærlighet på pinne hos frisøren, kjeks på refleksdagen og gratis is i butikkar. 

I tillegg kjem anledningane der det er “forventa” at barn skal få søtsaker: laurdagar, bursdagar, besøk hos familie, Halloween, 17. mai, julaftan og påske. 

Samstundes får også nokre barn julekalender med søtsaker kvar dag frå første desember og fram til julaftan.

Me trur mange foreldre eigentleg er oppgitte over denne utviklinga med stadig fleire sukkerhaldige dagar, men det kan vere vanskeleg å ta det opp når ein føler seg aleine om det. 

Samstundes verkar det dessverre som om mange tek for lett på problemet. Det er viktig å tenke over kva slags vanar som blir lagt hos barna, for slike vanar tek dei lett med seg vidare inn i ungdomsåra. 

Det handlar ikkje om den eine sjokoladen, men om heilheita: vanane og kosthaldet elles. Eitt av fem barn i Noreg har overvekt eller fedme. 

Me må sjå på heilheita i kor ofte barn får søtsaker, for me veit at kosthald er ein av dei viktigaste risikofaktorane for sjukdom og tidleg død. 

Derfor er denne nye forskrifta eit nødvendig tiltak, og eit steg i rett retning for barna våre.

Powered by Labrador CMS