Meining:

Illustrasjonsfoto.

- Noreg treng eit beredskapslager av bønder

Publisert

Det blir snakka i desse dagar om viktigheita av beredskap i landet vårt. Forsvaret får auka sine økonomiske rammer. Folk blir oppmoda til eigenberedskap. Det blir satsa på beredskapslager av korn og medisinar og innsatsfaktorar som landbruket treng. «Landbruk over heile landet» går igjen i mange festtalar.

Men skal det produserast mat i Noreg i ei krisesituasjon er me nøydde til å ha bønder som produserer mat i dag. Då må rammevilkåra vere slik at bønder held fram med å vere bønder og at neste generasjon også vil satse på landbruket som leveveg.

Landet har nettopp fått ny dyrevelferdsmelding og ny gjødselforskrift. Det er mykje bra og fornuftig her, men det vil koste mange bønder dyrt å oppfylle nye krav.

Få bønder er imot tiltak som betrar dyrevelferd, klima og miljø, men spørsmålet er kven som skal ta rekninga. Viss det er meir lønsamt å slutte som bonde enn å innfri offentlege krav er me som land på ville vegar. Bønder over heile landet er viktig beredskap.

I forslag til nytt Stortingsprogram vil Senterpartiet:

- Ha auka investeringsmidlar for tiltak i landbruket for å etterkome offentlege krav innanfor miljø og dyrevelferd

- Auke prisen bonden får betalt for produkta sine..

- Styrkje norsk matproduksjon basert på eige ressursgrunnlag og sørgje for at sjølvforsyningsgraden, korrigert for importerte fôrråvarer, aukast til minst 50 prosent innan 2030.

- Auke norsk kornproduksjon, særleg matkorn, og betre kornøkonomien.

- Auke beredskapslagringa av korn og etablere beredskapslager for såkorn og såfrø.

- Auke tilskot til grøfting.

- Auke tilskota til omstilling frå båsfjøs til lausdrift kraftig for å sikre mjølkeproduksjon i heile landet, særleg for små og mellomstore bruk.

- Ikkje innføre CO2-avgift på biologiske produksjonar.

 

 

Powered by Labrador CMS