MEINING:
Nevenyttigheit i ei krise
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Korleis vil det gå her i bygda den dagen innbrot i datasystema til kommunen eller i andre samfunnssystem fører til at kritiske system ikkje fungerar? Til dømes brann, redning, politi og tekniske tenester.
Den dagen onde krefter hakkar seg inn og forstyrrar datastyrte system og me blir straumlause!
Den dagen telefonen ikkje verkar og me ikkje kan få tilkalla hjelp. Kva gjer me om til dømes kloakken stoppar seg til eller vatnet renn over og flyt ut på kjøkkengolvet? Klarer folk flest å ordne opp i slike forhold, i det minste for å forhindre dei største skadane? Eg tvilar på det. Veit du til dømes kor stoppekrana for vatn inn i boligen din er?
Folk i min generasjon som har levd det meste av livet, har i skulen og elles i livet lært å bruke hammar og sag. Det i seg sjølv har lært kånn å takle andre praktiske oppgåver – tenkje praktisk; det som heiter nevenyttigheit.
Eit folk der me ikkje har øvd på desse tinga, er ikkje rusta for ei krise.
Eg meiner difor at skulen og friviljuge i større grad må leggje til rette for at me kan få øvd kånn i å handtere praktiske ferdigheiter, vi er trass alt i Totalforsvarsåret 2026!