FAST SPALTIST: Tone Aarnes er fast spaltist i Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark.

– Når verda er uroleg, kan ein hjelpe til og skape gode  fellesskap lokalt

Publisert

Vi er allereie godt inn i adventa, som dei seier nordpå. 

I vindauga lyser store og små stjerner, mange har tent lilla adventslys. 

Kvar dag kan ei ny og kanskje spennande luke opnast i adventskalenderen for dei som held seg med slikt. Moro for ungane og kanskje også dei eldre som framleis har barnet i seg.

Så mykje i desse førjulsvekene handlar om korleis vi gjer ting på same måte som før om åra. Skikkar og tradisjonar kallar vi det. 

Nokre er veldig tradisjonstru og bakar dei same sju kakesortane som mor deira bakte.

Fast skribent: Tone Aarnes

Tone Aarnes, neshering frå Årnes som finn seg vel til rette i den fine alliansen Midt-Telemark, med bustad på Langkåshaugen. 

Realskule og gymnastid i Bø, og etter studietid i Oslo, Bergen og TDH i Bø, (skulefag alle stader), blei fyrste jobb på Honningsvåg vgs. på Nordkapp, deretter Lunde vgs. Dei fleste åra blei på Bø vgs. som lektor og avdelingsleiar. 

No er Tone pensjonist og fyller livet med det som gir energi, mellom anna reiser, trening, lesing, vener og ikkje minst, to barnebarn.

Dei ivrigaste lagar eigne pølser, medisterkaker, røykjer pinnekjøtet, passar rakfisken og gravar laksen rett før julehelga set inn. 

Viss ein ikkje er så tradisjonstru, og vil gjere det lettvint, kan ein vitje dei mange julemessene som finst. 

Her har frivillige baka den tradisjonelle julebaksten, det gir pengar i kassa til alt frå Redd Barna til museumslaga. 

Maten er viktig, men ein må heller ikkje gløyme vasken, det skal skine alle stader og i alt – anten det er sølv, kopar eller messing. Lysestakane må blenkje.

Så er det gåver og ynskjelister. Kva står på dei? 

Det siste er diverse appar som kan nyttast for å formidle ynskje. Mange som blir spurt klarer ikkje å svare. Det betyr vel at mange av oss har alt vi treng av materielle gode. Kanskje på tide å ta ein samtale med dei vi feirar med om julegåveskikken.

Førjulstida skal fyllast med så mykje, noko av det beste er alle julekonsertane der vi kan høyre både amatørar og profesjonelle. Etter slike konsertar kjem ein verkeleg i julestemning.

Om ein ser seg rundt verkar det som om vi lever i ei boble der det berre er plass til alt vårt eige, både av strev og hygge. 

Utanfor er det så visst ingen julefred i sikte, vi kan berre håpe på eit lysglimt innimellom. Då er det beundringsverdig at mange bryt bobla og gjør noko for dei som treng ei hjelpande hand eller for å skape gode fellesskap i desse travle vekene før jul. 

Eg trur desse folka faktisk gjør noko for andre resten av året og. Når det er så vanskeleg å gjere noko med alt det fæle i verda, så er det fint at nokon vel dei nære omgjevnadene. 

Det kan gje håp og tru på betre tider, og er det noko adventstida er fylt av, så er det håp og forventning.

Powered by Labrador CMS