Staden vi bur på betyr noko for dei fleste. Forsking viser at fellesskap med næraste naboar og i nabolaga vi bur i, har svært stor effekt på trivselen og helsa vår. 

Men for å byggje eit nabolag trengst det stader å møtast. Ofte er det fokus på å jobbe fram gode byrom og utandørsområde, men det trengst også møteplassar med tak over hovudet. 

Mange stader er det behov for ein eller annan form for nabolagshus. 

Vi har lang tradisjon for dette i Noreg, anten det er bedehuset, grendehuset, Folkets hus, samfunnshuset, kulturhuset eller klubbhuset til idrettslaget som har vore det lokale navet. Dette er noko vi må byggje vidare på. 

Møteplassar for heile lokalsamfunnet

For kvar heng dei unge i lokalsamfunnet vårt i dag? Kvar samlast dei eldre? Kvar møtest småbarnsfamiliane, og dei som bur åleine? Og ikkje minst - kvar kan dei møtast på ein felles arena?

Dette er også ein moglegheit til å revitalisere dei bygga i lokalsamfunnet vårt som allereie har ei historie, men som no treng omsorg og istandsetjing for å fungere. 

Saman kan vi setje dei i stand til å møte behova våre i ei ny tid. 

For desse møtestadene kan vere ein stad der vi som innbyggjarar får delta, bidra og vere med på noko meiningsfylt. Dei kan fyllast med aktivitetar for ungdom, og drivast av ungdom - og eldre, og barnefamiliar.

Desse møtestadene er “tredjestader” - som ikkje er heime og ikkje er jobb og skule - ei stove utanfor vår eiga. Å engasjere seg her, eller få ein ungdomsjobb på slike stader, motverkar kjensla av avstand og avmakt, og trenar demokratimuskelen vår.

I ei tid der det blir arbeidd med å styrkje samfunnsberedskapen er det behov for stader der innbyggjarar kan ta del i den lokale beredskapen, særleg i dei tilfella der offentlege tenester er overvelda eller om kommunikasjonsmiddel ikkje fungerer. 

Nabolagsarenaer kan bli viktige framover for å koordinere oss, støtte kvarandre, og organisere hjelp i krisesituasjonar. 

Ulike typar grendehus og nabolagshus er meir enn koselege lokale. 

Dei er demokratisk infrastruktur, arenaer for lokal dialog, deltaking og medbestemming. Dei er beredskapsressursar - rom som kan aktiverast i kriser. Og dei er kultur- og fellesskapsbyggjarar - kvardagsdemokratiets viktigaste møtestader. 

Slit med økonomi, drift og frivilligheit

Sterke og robuste lokalsamfunn må jobbast fram. Det krev frivillig innsats og stå-på-vilje, og ofte er det vanskeleg å mobilisere økonomiske ressursar. Mange av desse møtestadene og husa slit i dag med økonomi, drift, og frivilligheit.

Det er i dag ingen lovpålagt oppgåve å sørgje for at det finst slike møteplassar, og ingen offentlege styresmakter har dedikert ansvar for nabolagshus. 

Derfor er det no etablert ein nasjonal, open og gratis kunnskapsarena (www.nabolaghus.no) av og med folk som utviklar og driv desse lokale møteplassane.

Her samlar vi erfaring, verktøy og menneske slik at fleire hus over heile landet kan bli berebjelkar i sterke, inkluderande og trygge lokalsamfunn. 

I november og desember blir det opne digitale arrangement som handlar om nettopp drift, økonomi og samarbeid. Det finst òg ei heilt gratis rådgjevingsteneste der husa kan få hjelp med sine spørsmål.

Driv du ein slik lokal møteplass, anten som frivillig, i ein organisasjon, eller ein kommune, skal du vite at denne arenaen finst for akkurat deg.

Då kan vi alle halde fram med å byggje sterke lokale fellesskap, bygd på tradisjonane vi har.

Powered by Labrador CMS