Meining;

– Nå må kommunen bruke tida rett
Kommunen bør i alle fall no ta sikte på å bruke maksimal tid (som er fire år, utan å måtte søkje departementet om ytterlegare tid) til å dekkje inn underskotet frå 2023 og 2024.
Det blir berre urealistiske budsjett av å stresse tida for inndekking av desse underskota, då det krevst sitt å kutte tilstrekkeleg i drifta i år og dei nærmaste åra berre for å oppnå balanse.
Mitt råd er derfor å ta inndekkinga av underskotet frå 2023 på rundt 20 millionar kroner fyrst i budsjettet for 2027. Meirforbruket frå 2024 (på det som synes å bli på godt over 50 mill. kr) kan ein planlegge for å dekkje inn med 5-10 mill. kr i 2027 og restbeløpet i 2028.