Midt-Telemark kommune – ein bokmålskommune?
Kristian Hanto undrar seg i siste Bø blad mellom anna over det språklege medvitet i kommunen. Eg er også ein av dei som har fått brev frå kommunen v/ordførar om sal av Gullbring-aksje – på bokmål.
Eg vil minne kommuneadministrasjonen og ordførar om målbruksplan vedtatt før kommunesamanslåinga. Der står det at «Midt-Telemark kommune er ein tospråkleg kommune. Det vil seie at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vera likestilte skriftspråk i alle kommunale organ og einingar. «Likestilte» vil her seie at språka skal vere om lag like mykje brukte i kommunale offentlege dokument, og at målformene skal ha like vilkår for bruk og utvikling.»
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp