MEINING:
– Me vil minne om at alle vegeigarar må følgje lova
Du les no eit meiningsinnlegg. Det uttrykkjer innsendaren si meining.
Det er framleis altfor mange døme på at Staten vegvesen, fylkeskommunen og kommunar bryt lovene som regulerer målforma på skilt med informasjon til vegfarande.
Etter lova skal det skiltast på den målforma den aktuelle kommunen brukar.
Det betyr at teksten på skilta i kommunar som har vald nynorsk som skriftspråk skal vere på nynorsk, og at skilta i kommunar som har vald bokmål skal vere på bokmål.
I språknøytrale kommunar skal vegeigaren velje målform i samråd med kommunen.
Gjennom åra har enkeltpersonar, organisasjonar og dei lokale mållaga peika på stadige lovbrot, ofte langs E134 gjennom Vest-Telemark, der alle skilt etter lova skal vere på nynorsk.
Telemark Mållag vil minne vegeigarane om lova. Den bør vere enkel å fylgje, også i den delen av Telemark som brukar nynorsk.