LEIAR:

MÅ TOLE LITT MEIR: Ansvarleg redaktør i lokalavisa i Midt-Telemark, Hilde Eika Nesje, meiner kritikk er viktig, men den skal vere konstruktiv og sakleg.

– Me treng ikkje vere så redde for å få kritikk

Publisert

Me skal ikkje vere så redde for kritikk, verken å få eller gje den, men den må vere konstruktiv og klok, og helst gitt med varme og forståing. 

I visse tilfelle trengst likevel også den harde kritikken, når det er fortent og på sin plass. Det er bare slik me kjem oss vidare og blir betre. 

Utan eit kritisk blikk på oss sjølve, lokalsamfunnet eller verda er det lett å lulle seg inn i naiv tåpskap der det som ikkje er bra blir skuva under teppet og det som er vanskeleg aldri kjem for dagen. 

Det gagnar ingen. 

Alle menneske har behov for å bli sett, fortstått og elska. Det er slik me er laga. Det er naturleg. 

Mange av oss har også eit stort behov for å bli lika - aller helst av alle. Det er også lett å skjønne, for det er slik me kan kjenne oss verdifulle. 

Å bli lika av alle bør likevel ikkje vere eit mål, nødvendigvis. 

Set ein dette behovet framfor fornuftige val og løysingar, er heller ikkje dette ein lur strategi viss ein vil gjere verda betre. 

Me har alle roller, både private og offentlege. 

Nokon spelar seg sjølv godt over alt, andre er av og på, og taklar bare delvis å vere den dei er fullt og heilt, eller gå profesjonelt inn og ut av ulike roller ein står i. 

Det er også normalt, for me er ulike og me møter utfordringar på forskjellig vis. 

I lokalavisa har me aktive debattsider, og i kommunen vår er det mange modige innbyggjarar som tør å meine noko om lokalsamfunnet sitt - om det som skjer her, om det som opplevast urettferdig og det som er vanskeleg. 

Dei ytrar seg i mange slags saker, dei protesterer og tar kontakt med lokalavisa for å fronte ei sak. Dei tør å kritisere dei som sit på makt, og dei står opp på vegner av enkeltpersonar eller grupper i Midt-Telemark. 

Det er me i lokalavisa stolte av, og det håpar me at de fortset med. Det blir det betre lokalsamfunn av. 

Alle som sit på makt her me bur, enten det er kommunetoppar, politikarar, politiet, lokalavisredakøren, institusjonar eller andre personar i sentrale posisjonar skal tole kritikk, sjølv om det kan vere tøft å stå i det når det stormar som verst. 

Ein må stå for det ein gjer og tole at folk ikkje likar ein. Slik er det bare. 

Desse personane og ein kvar annan i lokalsamfunnet fortener likevel at kritikken er sakleg og konstruktiv, ikkje vondskapsfull og krenkande. 

Det skal me ikkje lenger enn til sosiale medium for å sjå at ikkje alle klarer å forholde se til.

Sjølv om eit kritisk blikk og kontruktive tilbakemeldingar er viktige i lokalsamfunnet, skal ein ikkje gløyme dosen med varme. 

Begge trengst. 

Ord har også makt, og er det også nok av dei gode og kloke orda, blir kanskje kritikk også lettare å takle.

Powered by Labrador CMS